søndag 24. februar 2008

N0 ligg egget knust på golvet igjen. For dei som ikkje kjenner metaforen, er det snakk om å vera forelska. Eg sa ein gong, under ein triveleg og ganske feministisk prat i kantina, at det å vera forelska er som å vera ei svevande egg. Alt er fint og koseleg, akkurat som å sveve, for sjølv om eg eigentleg aldri har svevd særleg mykje, trur eg det å sveve er ganske deilig. Men det hender også at egget misser sveve-evna og finn seg sjølv i fritt fall mot ei hard flate. Du er forelska. Du er eit svevande egg i fritt fall mot golvet på ein utestad når du ser at han du har hatt det riktig så triveleg med de siste helgane også er på byen. Og du treffer golvet så eggehvite og plomme sprutar når du ser at HAN har det minst like triveleg med ei anna jente. Kan nokon plukke bitane mine opp igjen, det hadde vore kjekt. Det er ikkje kult å vere eit knust egg på golvet. Spesielt ikkje på golvet på ein harry uteplass. Ikkje litt kult ein gong.

Mamma seier det er fleire fisk i havet. Eg skal kjøpe meg ei betre fiskestong.

Relatert lydspor:
http://www.youtube.com/watch?v=uaUhsFDHzzA

5 kommentarer:

Engeline sa...

Eggemetaforen er nydelig. Og jeg likte kommentaren om bedre fiskestang, jeg tror det hadde vært en god forretningsidè!

Sunniva sa...

Ja, eg treng ei betre fiskestang, all fisken er får viser seg å vere ufisk.

Anonym sa...

Ai..

Engeline sa...

Det er en fisk også, er det ikke? en Uer? eller er jeg på bærtur her?

En kan sikkert lage en metafor med bær, også. Det er forøvrig det ene området hvor jeg har litt konkurranseinstinkt, så det burde kanskje helst handle om sjalusi. Jeg lurer på hvor langt en kan dra romantiske metaforer.

Sunniva sa...

Ja, ein bør vere forsiktig, det blir fort berre pinleg, trur eg.